fredag 9. januar 2015

Nytt perspektiv

I to veker skal eg sitja på kontoret til kollegaen min som er i permisjon, medan kontoret eg deler med to andre stipendiatar blir lydisolert. Etter lunsj i dag låste eg meg inn, rydda nokre saker til sides, plasserte mi eiga datamaskin på skrivebordet og sette meg ned. Brått var alt annleis. Ikkje berre sat eg åleine og kunne bestemma heilt sjølv ein del ting som ein ikkje kan bestemma når ein deler kontor, men no hadde eg utsikt bakanfor den autorative Johanneskyrkja med urskiva som fortalte meg kor langt på dagen eg var komen, opp til den kvite bygnaden på Fløyen, som i denne augneblenken bada i sol under ein djupblå himmel, og bortom lesesalen, mot nokre tre rett her borte som eg ikkje hadde lagt merke til før. Eg er glad i tre, særleg om vinteren, når ein ser kor krokete og spesielle dei er. Etter to minutt sette eg meg ned med trong til å skriva. Og eg tenkte at utsikten kan visst stå i tett relasjon til kva ein tenkjer og kva ein produserer.
Om du tenkjer at eg ikkje er takksam for den staden eg sit på til vanleg, er det ikkje slik. Det er mykje eg liker med den gamle boksamlinga. Blant anna ser ein ned på steinmuren under treet der studentane møter kvarandre etter førelesinga og set seg for å prata, og når ein snur hovudet og ser inn i rommet ser ein ofte ei eller to jenter som smiler tilbake. Det er inspirerande å tenkja på korleis det var her for ikkje så mange år sidan, då det sto tett med bøker der inne. Det lukta av visdom og støv. Eg skal tilbake til den eigentlege plassen min etterpå, og det er i og for seg bra. Men dette er så annleis. Det kjennest som om å ha fått ny programvare, kanskje, eller ei systemoppdatering. For det er ikkje slik at summen av det ein forstår eller evnar er ei eining som berre tida kan endra. Kanskje er det mogleg å flytta seg bittelitt, og så veit ein brått ting ein ikkje visste før, sjølv om ingenting anna har skjedd enn at ein er på ein annan stad. Eg kjente det på kroppen her ved dette nye skrivebordet.
Kva om det hadde vore forbode å byta kontor? Ein ville vel likevel ha snudd på saker og fått nye tankar. Ein ville ha tenkt sitt om akademiske tekstar, om media, om foreldre, mote, religion, konfliktar. Rundt omkring ville alle tenkt ulike ting. Og her sit eg, ser ut av vindauget og tek inn lyset utanfrå. Eg skriv om det. Eg veit at korleis eg enn skriv (eller teiknar) om det eine og det andre — så må eg gjera nett det. Je suis Charlie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar