tirsdag 14. april 2015

Etter datainnsamlinga. 13. april. Toget.

Eg er på toget att, på veg frå Perm til Moskva. Det er dag ute og eg har sove tolv timar, heilt til Nizjnyj Novgorod. Det var kanskje ingen veg utanom å sova eit halvt døger no. Fordøya inntrykk frå to og ei halv veke med feltarbeid, kanskje femti nye bekjentskap, nye roller og nye usynlege strengar som går ut frå eit varmt punkt inni meg, til alle desse menneska. Nokre av dei er vaksne, men flest unge, svært unge: om ti år er dei framleis yngre enn meg. Og det har vakse fram eit sterkt ynskje om at alt godt må fylgja dei, same kva veg dei skulle gå. Og om at dei må få leva på ein stad som er god, som vil dei vel. 
Så kva har eg eigentleg gjort desse vekene? Eg har samla inn data. Til saman er det mange timar med lydopptak. Eg har gjort intervju på ein skule og snakka med tjue ungdommar, ein og ein, om livet deira, om Perm og om forholdet deira til språk. Opptaka eg sit att med skal samanliknast med tilsvarande data frå Novosibirsk (som eg samla inn i fjor), Voronež og kanskje Moskva, og inngå som del av doktorgraden min.Og så skal eg sjå om det er noko spesielt med måten dei pratar på i Perm, samanlikna med andre stader. Eg interesserer meg for skilnader i ungdommane sine oppfatningar av språk, og spesielt skilnader i a) språkbruk og b) tankar om språk på ulike stader. Men menneske er ganske kompliserte av seg og det er mykje som påverkar talemålet vårt. Noko av det som står tydelegast føre meg etter intervjua, der eg fokuserte på språket til dei eg snakka med, er variasjon i talemålet.
Stil er noko ein i større og større grad tek omsyn til i sosiolingvistisk forsking og Nikolas Coupland har skrive ei bok om dette (Style, Coupland 2007). Det er denne boka eg les på toget til Moskva. Stil er viktig for ungdommane eg snakka med. I ein del av intervjua let eg ungdommane få svara på spørsmål om eigen språkbruk, mellom anna om identitet i språk. Snakkar du alltid på same måte, eller avhenger det av kven du snakkar med? Der svarte mange at dei snakka ulikt i ulike situasjonar. Til lærarane snakkar dei formelt og med vener snakkar dei heilt avslappa. Somme meinte at dei alltid snakka likt og dei såg ikkje nokon grunn til å endra på språket. Litt seinare snakka me om ungdomsslang og eg spurte korleis dei hadde reagert dersom det kom ein mann på 40 og begynte å snakka — og så viste det seg at han brukte masse slang. Her var det mange av ungdommane som begynte å le. 
Når ungdommane sjølve fekk sjansen til å seia korleis dei brukte språk er dette berre ei side av saka. Eg kjenner ikkje desse ungdommane sjølv og veit ikkje korleis dei snakkar elles, men eg mistenkjer at dei tilpassa både innhaldet i det dei sa og sjølve talemålet sitt til dømes fordi eg er kvinne, fordi eg er eldre enn dei, fordi dei ikkje kjenner meg og fordi eg er utlending. Somme sosiolingvistar har utstyrt vanlege folk med bandopptakarar og bede dei ta opp talemålet sitt i ulike situasjonar, og då kan dei analysera korleis ulike trekk i talemålet endrar seg. Her er det i stor grad snakk om oppførsel som ein er mindre bevisst (Goffmann 1959, i Coupland 2007:111). 
Sjølve intervjuet mitt var dessutan delt opp i fleire delar og skulle framkalla ulike stilar undervegs, og når eg analyserer talemålet ventar eg å finna skilnader mellom delane der dei blir bedne om å lesa opp ein tekst, styrte monologar der dei skulle improvisera ut frå ei stikkordliste, spørsmål der dei svarte uengasjert og spørsmål der dei verkeleg hadde noko på hjartet og kom med lengre svar. 
Ungdommane mine var frå ein og same skule og skulen er ein stad der det kan utvikla seg spesielle måtar å snakka på, anten i venegjengar, mellom folk som har same interesser eller generelt på skulen. Når ein vel ut folk til å representera ein viss type menneske i ei undersøking kan det gjerast på mange måtar, mellom anna gjennom tilfeldig utval. Av og til er det det som har skjedd når du blir oppringt på telefonen og blir beden om å svara på spørsmål om politisk preferanse eller noko heilt anna. Somme som forskar på språk samlar inn data frå mange personar og lagar statistikk av det. I mitt tilfelle lot det seg ikkje seg gjera å operera med eit tilfeldig utval av ungdommar frå Perm, og undersøkinga mi har ikkje meir enn tjue personar. Det har likevel ein verdi å ha tid til å opparbeida seg tillit på ein skule og i tillegg setja seg litt meir skikkeleg inn i situasjonen til dei menneska ein snakkar med. For alle skular er jo ulike, og dersom ein undersøkjer mange ulike skular har ein ikkje høve til å få vita like mykje om kvar av dei og setja dei inn i ein større kontekst. Og så får ein sjansen til å gje noko tilbake til skulen, i mitt tilfelle i form av foredrag om skulesystemet i Noreg og ei rekkje besøk i ulike klassar for å prata med elevane. Og kven var det så eg snakka med i intervjua? Var det typisk Perm-ungdom? Vel, nei. Ungdommane var ulike. Somme har lyst til å flytta vekk, langt vekk, andre vil berre bli verande i Perm. Somme vil bli kunstnarar, somme tenkjer på å få familie, somme likar å gå på kafé, somme liker å spela data, somme er sjenerte, somme vil like gjerne prata om Bergen og Noreg som å snakka om Perm. Menneske er ganske kompliserte av seg, og no er det likevel om å gjera å få strukturert dataa på rimeleg vis. Det blir spanande.